mandag 10. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver

Forelesinga på onsdag 5. september handla mykje om det at ein lærar ikkje berre underviser, men har også mange andre oppgåver ved sida av, som automatisk inngår i det å vera lærar. Det er viktig her å finne balansen mellom dei ulike partane. Det å vera ein god støtteperson for elevane synes eg er veldig viktig. Det gir elevane ein tryggleik om at dei kan koma til deg når dei treng støtte eller lurar på noko. Foreldra til eleven har hovudansvaret for oppdraginga av eleven, er også veldig viktig å huske på. Ein lærar har eit stort ansvar at eleven er med i undervisinga, og også seie i frå dersom noko ikkje er som det skal. Læraren er tross alt den vaksne personen som eleven tilbring mest tid med i løpet av ein dag. Men læraren skal ikkje ta over oppdraginga, men gi råd undervegs.
Inge Eidsvåg som me fekk høyra litt om, hadde nokre gode poeng om det å vera lærar. Som for eksempel dei ti boda. Desse trur eg kan vera nyttig og ha i bakhovudet når me skal vidare ut i skulen å begynna me praksisen.

Inge Eidsvågs 10 bud:

* Du skal kunna og vera glad i faga dine
* Du skal vera glad i forteljingar
* Du skal vera nærverande
* Du skal sjå elevane
* Du skal vera glad i elevane dine
* Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
* Du skal ofte ha med deg noko nytt
* Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
* Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunnspolitiske rolla
* Du skal våga å vera lærar


Alle elevane har opplæringsplikt men ikkje skuleplikt. Det vil seie at elevane kan få undervisning på privat-, offentlig skole eller heime. Eg meiner at det beste for barnet må vera å vera i skolen der mange andre elevar er, og få erfaringar og utfordringar på skulebenken og i dagliglivet. Dette dannar også vidare kontaktar og venner for barna som er et grunnlag vidare i livet.
Pedagogikken ser eg at er meir og meir viktig å kunne meistra som lærar. Eg har sjølv hatt lærarar som det ser ut til at aldri har deltatt i ein einaste pedagogikk time, og det vises godt igjen på undervisinga til sjølve læraren, kunnskapen elevane får og kontakten mellom læraren og elevane.


Redigert 23.april-08
Den største utfordringen min som lærar trur eg vil vera samspelet med alt ein lærar skal gjera. Ein lærar skal formidla kunnskap, vera eit godt førebilde, stilla opp for elevane dersom det er noko, ordne opp i konfliktar osv. Det er utruleg mykje ein må tenka på som lærar, som ikkje går under å undervisa.
Når eg seier til folk at eg studerer på lærarskulen, seier alle til meg at det høyres flott ut. Arbeidsdag frå halv ni til to, fri kvar helg og masse feriar. Dei veit ikkje alt som eigentleg ligg bak det å vera lærar.
Klasseledelse er sjølvsagt ein utfordring, men alt som kjem av "det lille ekstra" vil nok vera den største utfordringen i første rekke.

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Eg tykkjer du har mange gode refleksjonar rundt denne økta, Elisabeth. Du seier til slutt at du har "(...) hatt lærarar som aldri har deltatt i ein einaste pedagogikk time og det vises godt igjen på undervisinga til sjølve læraren, kunnskapen elevane får og kontakten mellom læraren og elevane."
Dei aller fleste som får undervisa i norsk skule idag må ha gjennomført og bestått 30 studiepoeng med Pedagogikk for å vera kvalifisert som lærarar.

Birgit :-)

Elisabeth sa...

Jeg skal gå inn å rette på det utsagnet der. Men jeg tror ikke at alle de lærerne jeg har hatt opp gjennom årene har tatt pedagogikk. Spesielt på videregående har jeg sett tilfeller ved noen lærere at de har utrolig mye kunnskap, men store problemer med å lære det videre.