tirsdag 23. oktober 2007

Framføring av dei ulike læringsteoriane..

Måndag 21. oktober var det framføring av læringsteoriane, som me jobba med to veker i førevegen. Eg var litt usikker på korleis dette skulle bli, sidan me kunne velja fritt mellom dei elleve ulike teoriane, der antakelig vis mange enda opp med same teori, og at dette kom til å bli kjedelig. Men der tok eg feil. Det var mange som hadde om same teori, men alt var så variert og tolka på forskjellig måtar, at det blei kjempe spennande. Eg lærde utruleg mykje i løpet av dei timane me hadde. Når me fekk fagstoffet inn med ”teskje” frå fleire vinklar, var det lettare å forstå korleis teoriane eigentleg var.
Men… Ein ting som ikkje var så kjekt, var at eg hadde gjort ein feil, så gruppa mi fekk ikkje vist framføringa. Me hadde laga ein film, der me redigerte den på min maskin, og eg skulle ta den med på måndag. Eg tok filmen over på usb-sticken min og var sikker på at alt var i orden, og klar for vår presentasjon. Men i friminuttet før det var vår tur, sjekka me for sikkerheits skyld at alt var slik det skulle. Men det var det ikkje. Eg hadde gløymt å lagra filen om til det rette formatet, og sidan pc-en min var heime, fekk me ikkje framføra. Eg må bare beklaga dette sterkt til gruppa mi, for dette var berre min feil og ingen andre sin.
Me fekk derfor utsett framføringa til neste måndag. Det var også ei anna gruppa som ikkje fekk til å visa filmen som også fekk utsett framføringa til neste måndag.

Uansett så var dette ein veldig effektiv og spennande måte både å jobba og presentera stoffet på. Eg lærte mykje meir i løpet av dei få timane med å sjå på presentasjonane enn kva eg hadde gjort dersom eg hadde grunnlest teoriane ein gong til.

Veldig bra jobba alle saman!
Det blir spennande for oss å visa vår presentasjon, for me har gjort det på ein heilt annan måte igjen. Me gler oss!=)

søndag 21. oktober 2007

Å leia basisgruppa..

Måndag første oktober blei me møtt av Birgit i døra som tok i mot oss, og sa god morgon etter kvart som me kom. Då me kom inn i klasserommet stod telys plassert på alle pultane, og lyset var dempa. Dette var ein veldig fin start på ein måndags morgon.

Me starta timen med at alle skulle presentera oppgåvene som var gjort, gruppe for gruppe. Her var det mykje kunnskap å suga til seg. Eg som sjølv hadde hatt om storyline, lærte også mykje frå dei andre som hadde hatt om same emne. Nokre av desse arbeidsmåtane var heilt nye for meg, og var veldig spennande å høyra om. Men når det er så mykje informasjon som skulle inn på ein gong, blir det litt lenge å sitja i to timar å høyra på. Så eg må nok gå igjennom det heftet om alle metodane for å friska det opp litt igjen. Men som sagt så var det svært lærerikt.

I dagens førelesning fekk meg også høyre at som lærar er det viktig å vera ”tydeleg vakse”. Læraren har ei viss makt, og makt krev ansvar. Med det meines at me som lærarar har autoritet men me skal ikkje utnytta situasjonen og vera autoritære. Som lærar er det også viktig å sjå medmennesket, forstå elevane individuelt, byggja gode vanar, og vera strukturert, og ikkje minst respektera barna. Dette trur eg gjer barna meir trygge.

Dagens samfunn er svært forandra frå korleis det var for nokre år sidan. Og dette viste Birgit oss med å sjå på ulike generasjonar. Me lever no i ein ”dataverden”, der datamaskinen blir mykje meir brukt no enn før. Med dette kjem også databruken inn i skulen, og det vil seie at undervisinga må også bli omlagt i forhold til korleis det var før, med at data er ein del av undervisinga. Dette er nok ein av dei største forandringane. Og samtidig blir dette også ein utfordring for enkelte lærarar der elevane kanskje kan meir om data enn kva læraren kan.

Oppvekstvilkåra er også blitt forandra. Forandringar skjer i barnas liv heile tida, og etter å ha sett på statistikk skjer skilsmisser meir no enn før. Dette kan vera svært vanskeleg for enkelte born, spesielt der det er store problem mellom foreldra.

Eg må berre få med eit lite sidesprang her. For eg snakka med ei veninne av meg, som også går på lærarskulen. Og ho fortalde meg om ein gut som ho hadde hatt i praksis. Han var ein veldig vanskeleg elev, og gjorde aldri som læraren sa. Han hadde fått beskjed heime frå at læraren var ”dum”, så han trengde ikkje å høyre på han. Nå veninna mi skulle ut i praksis, blei ho plassert i den klassen som han guten var i. Når veninna mi kom inn i klassen, visste han ikkje korleis han skulle forholda seg til henne. Ingen heime hadde sagt noko om det. Han prøvde å oppføra seg som han pleidde, men veninna mi sa klart i frå om kva som ikkje va akseptabelt. Etter første time hadde han respekt for veninna mi. Dette var den første personen han hadde respektert på denne skulen.
Eg blei så sjokkert når eg høyrde denne historia. Eg kan ikkje skjønne at foreldre kan seie slikt til eit barn.

Det blei også nemnt at med god arkitektur skapar det god læring. Dette har eg tru på at kan vera tilfellet. Med god arkitektur kjem også trivselen med, og dette trur eg skapar meir interesse for læring frå elevane.

På slutten økta fekk me sjå ein film om Robin som har vore eit mobbeoffer på skulen i fleire år. Dette var veldig sterkt å sjå. Det at 35-40 000 barn blir mobba i skulen er eit veldig høgt tal. Når eg tenkjer på mobbing, så tenkjer eg erting, og ikkje så mykje fysisk. Men det som var med Robin var at han trudde at han sko døy fleire gonger. Forsøk på kveling og meir øydela han heilt. Dette er heilt forferdeleg. At noko slikt kan skje på ein skule burde vert heilt uakseptabelt, og blitt ordna opp i med ein gong.
Det var fint å sjå at han fekk eit forandra liv etter å ha bytta skule og at alt enda godt. Men den prosessen som gjekk, kan ikkje ha vore lett for verken foreldra eller Robin.
Mobbing kan føra til vanskar seinare i livet. Men eg er glad for å sjå at alt blei forandra for Robin, og eg håper at andre som er i same situasjon også får et betre liv etterpå.

torsdag 4. oktober 2007

Kva er storyline?

I pedagogikktimen 24.09 trakk me alle kvar vår oppgåve om ein arbeidsmetode som me skulle finna ut meir om. Eg trakk storyline.
Storyline er ein tverrfaglig undervisningsform, der undervisninga blir tilrettelagd som ei forteljing. Elevane og lærarane skaper denne forteljinga i klasserommet, med utgangspunkt i emne og mål frå læreplanen. Der det er læraren som vel tema, tid og sted for forteljinga, som gir ein rød tråd til forteljinga. Vidare styrer læraren forløpet med hendingar som set i gang dei ønskjande faglege aktivitetane.
Elevane skapar karakterane som gir liv til forteljinga. Dei handlar og reagerer på vegne av dei karakterane dei har skapa, som vidare oppøver til empati og evna til å sjå virkeligheten med andres auge. Eleven må vidare identifisera seg med dei personane som blir skapa, og førestilla seg sine reaksjonar på det
som skjer og leva seg inn i situasjonen. Her er det ikkje elevanes egne reaksjonar og følelsar som skal koma til uttrykk, men heile tida i 3.person.

Læraren stiller spørsmål etter kvart, som vidare aukar nysgjerrigheta til elevane. Elevane blir motivert til å diskutere og til å handtere ulike virkelighetsnære utfordringar, og slik blir innhaldet i forteljinga elevane sine.
Elevane lærar i ein opplevingsprega tilgang ved og oppdaga, utforska, reflektera, samtala og handla. Barna blir ikkje belært men utfordra.

Eit eksempel på bruk av storyline kan vere om flerkulturell forståelse, tverrfaglig temaorganisering, prosjektarbeid i ulike fag, mobbing, geografi eller reise som tema, der læraren lagar historia slik at det blir blanda inn fleire fag der elevane må utforska eller bruka fantasien for å fullføre storylinen.

Dette er ein kjempe spennande metode å jobba innan. Her får elevane testa ut deira kreative evner, om samtidig slå saman fleire fag. Dette er ein metode eg har veldig lyst å prøva ut ein gang.

Tankar etter første praksis veke..

Då me fekk ei innleiing i kva observasjon var, fekk me også prøve oss på å observera på skulen, der me skulle finna nokon å observera i ein halvtime. Det var nokre lange minuttar. Etter dette trudde eg at dagane på Skåredalen skole skulle bli lange dagar også. Men der tok eg heilt feil. Ungane var svært interessante, og det å observera dei var ikkje kjedelig i det heila tatt, noko nytt skjedde heile tida.
Før praksisen trudde eg at me skulle være som ei ”flue på veggen”, der me berre skulle sitja bakarst og observera barna. Noko eg ikkje forventa var at me fekk delta i alle timane, og når det var stasjons- og gruppearbeid var me også lærarar.
Dette var kjempe spennande, og det at me berre blei kasta ut det, lærde eg veldig mykje av. Det å sjå på læraren var også svært lærerikt, for eksempel kva taktikkar ho brukte for å få elevane til å vera stille, og korleis ho framviste alt stoffet som barna skulle læra.

Eg ser nå i ettertid kor viktig observasjonen var, og kor stor hjelp den kan vera når me skal ut sjølv og undervisa i den klassen. Etter å ha hatt denne observasjonen kjenner me elevane betre, og veit litt meir om kva me skal gjera dersom noko skjer.

Etter observasjonsveka møtte me praksislæraren vår etter at ho hadde lese loggane våre. Ho merka seg det at det var mykje me hadde fått med oss i loggane som ho aldri hadde merka seg før.
Det var for eksempel eit tilfelle der me var utanfor skulen sitt område, og me såg tilfeller der nokre av elevane forandra oppførselen sin til det bedre i forhold til når dei var på skulen.
Då me fortalde læraren om dette, satte ho stor pris på å få høyre om det, for det var ikkje alltid ho fekk med seg slike situasjonar.
Dette var jo veldig spennande, for det viser at me får ei innsikt i klassen på ein annan måte med å observera i forhold til å berre stå oppe ved tavla og undervise. Dette kjem eg til å ta med meg vidare når eg seinare skal stå framme og undervisa. Og eg har lært det at observasjon er kjempe viktig for å forstå og sjå barna betre.