søndag 21. oktober 2007

Å leia basisgruppa..

Måndag første oktober blei me møtt av Birgit i døra som tok i mot oss, og sa god morgon etter kvart som me kom. Då me kom inn i klasserommet stod telys plassert på alle pultane, og lyset var dempa. Dette var ein veldig fin start på ein måndags morgon.

Me starta timen med at alle skulle presentera oppgåvene som var gjort, gruppe for gruppe. Her var det mykje kunnskap å suga til seg. Eg som sjølv hadde hatt om storyline, lærte også mykje frå dei andre som hadde hatt om same emne. Nokre av desse arbeidsmåtane var heilt nye for meg, og var veldig spennande å høyra om. Men når det er så mykje informasjon som skulle inn på ein gong, blir det litt lenge å sitja i to timar å høyra på. Så eg må nok gå igjennom det heftet om alle metodane for å friska det opp litt igjen. Men som sagt så var det svært lærerikt.

I dagens førelesning fekk meg også høyre at som lærar er det viktig å vera ”tydeleg vakse”. Læraren har ei viss makt, og makt krev ansvar. Med det meines at me som lærarar har autoritet men me skal ikkje utnytta situasjonen og vera autoritære. Som lærar er det også viktig å sjå medmennesket, forstå elevane individuelt, byggja gode vanar, og vera strukturert, og ikkje minst respektera barna. Dette trur eg gjer barna meir trygge.

Dagens samfunn er svært forandra frå korleis det var for nokre år sidan. Og dette viste Birgit oss med å sjå på ulike generasjonar. Me lever no i ein ”dataverden”, der datamaskinen blir mykje meir brukt no enn før. Med dette kjem også databruken inn i skulen, og det vil seie at undervisinga må også bli omlagt i forhold til korleis det var før, med at data er ein del av undervisinga. Dette er nok ein av dei største forandringane. Og samtidig blir dette også ein utfordring for enkelte lærarar der elevane kanskje kan meir om data enn kva læraren kan.

Oppvekstvilkåra er også blitt forandra. Forandringar skjer i barnas liv heile tida, og etter å ha sett på statistikk skjer skilsmisser meir no enn før. Dette kan vera svært vanskeleg for enkelte born, spesielt der det er store problem mellom foreldra.

Eg må berre få med eit lite sidesprang her. For eg snakka med ei veninne av meg, som også går på lærarskulen. Og ho fortalde meg om ein gut som ho hadde hatt i praksis. Han var ein veldig vanskeleg elev, og gjorde aldri som læraren sa. Han hadde fått beskjed heime frå at læraren var ”dum”, så han trengde ikkje å høyre på han. Nå veninna mi skulle ut i praksis, blei ho plassert i den klassen som han guten var i. Når veninna mi kom inn i klassen, visste han ikkje korleis han skulle forholda seg til henne. Ingen heime hadde sagt noko om det. Han prøvde å oppføra seg som han pleidde, men veninna mi sa klart i frå om kva som ikkje va akseptabelt. Etter første time hadde han respekt for veninna mi. Dette var den første personen han hadde respektert på denne skulen.
Eg blei så sjokkert når eg høyrde denne historia. Eg kan ikkje skjønne at foreldre kan seie slikt til eit barn.

Det blei også nemnt at med god arkitektur skapar det god læring. Dette har eg tru på at kan vera tilfellet. Med god arkitektur kjem også trivselen med, og dette trur eg skapar meir interesse for læring frå elevane.

På slutten økta fekk me sjå ein film om Robin som har vore eit mobbeoffer på skulen i fleire år. Dette var veldig sterkt å sjå. Det at 35-40 000 barn blir mobba i skulen er eit veldig høgt tal. Når eg tenkjer på mobbing, så tenkjer eg erting, og ikkje så mykje fysisk. Men det som var med Robin var at han trudde at han sko døy fleire gonger. Forsøk på kveling og meir øydela han heilt. Dette er heilt forferdeleg. At noko slikt kan skje på ein skule burde vert heilt uakseptabelt, og blitt ordna opp i med ein gong.
Det var fint å sjå at han fekk eit forandra liv etter å ha bytta skule og at alt enda godt. Men den prosessen som gjekk, kan ikkje ha vore lett for verken foreldra eller Robin.
Mobbing kan føra til vanskar seinare i livet. Men eg er glad for å sjå at alt blei forandra for Robin, og eg håper at andre som er i same situasjon også får et betre liv etterpå.

3 kommentarer:

Hilde Marie sa...

Hei Elisabeth;)

Eg syns du har fått med deg masse bra her, det er lett å lesa og godt skrevet. Kjekt med eksempler fra den store verden me ein dag skal ut i;)mar

Elisabeth sa...

takk for det!=)

Cecilie sin blogg sa...

Kjempe bra skrevet Elisabeth, du har fått me deg mye !!! Eg er heilt enig at det er utruleg frustrerande og høyra at foreldre seie noko slikt te borna sine!!!