mandag 5. november 2007

Oppsummering av læringsteoriane..

På måndag var det vår tur (igjen) til å få framført læringsteoriane. Sidan eg klarde å øydelegga for gruppa mi sist måndag, forsikra eg meg denne gongen med å ha med meg pc, usb-stick og dvd plate, så ingenting skulle gå gale denne gongen. Eg har lært av mine feil, ta alltid med backup!!!
Etter å ha sett dei andre framføringane veka før, var me veldig nervøse for å visa fram vår presentasjon. Me laga framføringa vår på ein litt anna måte enn dei andre gruppene, og etter å ha kikka gjennom filmen vår eit dusin gonger før framvisinga, fann me mykje me syns me kunne ha retta på. Men det kunne me kje gjer, og framføringa blei så an blei.

Etterpå fekk me ei grei oppsummering av Birgit om alle læringsteoriane. Dette var ein veldig grei måte å få det presentert på, for det var ikkje så veldig detaljert og dermed lettare å huska kor kvar enkelt teoretikar skulle bli plassert. Det var også fint og få ein meir utfylt og meir detaljert oversikt etterpå.

På slutten av økta fekk me presentert ei oppgåve i matematikk og pedagogikk. Dette såg ut til å vera ei svært omfattande oppgåve. No før praksis er det veldig mykje å setja seg inn i, når det gjeld planlegging, praksismappe og i tillegg førebuing til timane. Eg kjende eg blei litt varm i toppen når me fekk denne oppgåva, men etter å ha kikka litt, og satt meg meir inn i kva den eigentleg gjekk ut på, har eg roa meg litt ned. Eg satsar på at dette kjem til å gå bra.

I siste timen fekk me ein introduksjon i korleis me skulle skrive oppgåva. Eg trudde på førehand at eg hadde full kontroll og visste det meste om word, men i denne timen lærde eg svært mykje, og det kjem godt med vidare.:)