Klar for 3. klasse trappa me alle opp på skulen, spente på korleis det nye skuleåret skulle bli. Då me kom inn i klasserommet fekk me vita at me skulle få ein ny lærar. Me var alle veldig nysgjerrige på kven dette kunne vera, for i ei så lita bygd kjende alle kvarandre. Men dette var ein heilt ny mann som ingen hadde sett før, han hadde akkurat flytta hit. Helge heitte han. Inn i klasserommet kom ein høg, mørk mann med gitaren i handa og eit bredt smil rundt munnen, og det første han gjorde var å slå av med ein vits. Han likte me alle frå første stund.
Helge skulle undervise oss i musikk, geografi, naturfag og gymnastikk. Alle gleda seg til kvar einaste time han skulle ha oss.
Det som gjorde Helge til den læraren eg aldri kjem til å gløyma var det at han behandla alle på same måte, var kompis samtidig som han var eit godt forbilde for oss alle. Det var ikkje ein einaste person på skulen, verken av lærarane eller elevane som ikkje likte han, derfor var det veldig trist då han måtte forlata oss allereie etter to år, på grunn av at han hadde fått seg ein ny jobb.
Undervisinga hans var variert frå time til time, samtidig som han blanda inn lek og humor, dette gjorde undervisinga mykje meir spennande, og alle såg fram til kvar time med han.
Eg hugsar spesielt godt ein gang me skulle på hyttetur med klassen. Der var det eit stort uteområde med minigolf, volleyballbane, fotballbane og alt me kunne ynskja oss. Men så byrja det å regne, og me søkte tilflukt til den næraste hytta me såg. Inne i den hytta var det bordtennis, biljard og mykje anna kjekt, men hytta var låst. Men Helge ville inn. Han klarte å opna eit vindauge, så me alle kunne klatre inn.
Det me ikkje såg før me skulle gå ut igjen, var at me hadde tråkka i ein kvit benk for å koma oss inn vindauge, og den var ikkje akkurat kvit då me sko forlata lokalet seinare etter litt leik og moro. Me fekk alle litt kjeft etterpå, men det var verdt det, for me hadde hatt ein veldig kjekk dag.
Dette er ein lærar eg aldri kjem til å gløyme, og han kjem til å vera i tankane mine dersom eg ein gang kjem til å ende i ein vanskelig posisjon. Han gjorde alltid det beste han kunne for elevane sine.
Han er ein positiv og alltid smilande person som har vore eit godt forbilde både som lærar og som person.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Det var kjekt å lesa om Helge, og kor godt du kan hugsa sjølv små detaljar frå møtet ditt med han. Det viser jo kor viktig læraren er (signifikant vaksen) i m.a. dei viktige barneåra. Du seier at han behandla alle likt, og då må eg jo spørja: Er det alltid rettvist å behandla alle likt? Er det samsvar mellom å vera ein ansvarleg og tydeleg leiar/lærar og å vera kompis? Kva tenkjer du om det?
Birgit :-)
Med det at han behandla alle likt,meinte eg at han utelot ingen, og alle følte seg lika spesielle og godt likt.
Ein lærar bør ikkje berre vera kompis,men han var ein person me hadde respekt for som voksen,men det var samtidig aldri vanskelig å gå å snakka med han dersom me hadde problemer med noko.
Andre lærarar hadde me kanskje vanskeligare for å ta opp problemer med. Men det skal alltid gå ei grense der, for det er ikkje slik at han var ein kompis med var med på fritida, men han stillte opp for oss i situasjonar der me trengde han.
Hei igjen, Elisabeth...
Det var ei grei avklaring...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar