torsdag 4. oktober 2007

Tankar etter første praksis veke..

Då me fekk ei innleiing i kva observasjon var, fekk me også prøve oss på å observera på skulen, der me skulle finna nokon å observera i ein halvtime. Det var nokre lange minuttar. Etter dette trudde eg at dagane på Skåredalen skole skulle bli lange dagar også. Men der tok eg heilt feil. Ungane var svært interessante, og det å observera dei var ikkje kjedelig i det heila tatt, noko nytt skjedde heile tida.
Før praksisen trudde eg at me skulle være som ei ”flue på veggen”, der me berre skulle sitja bakarst og observera barna. Noko eg ikkje forventa var at me fekk delta i alle timane, og når det var stasjons- og gruppearbeid var me også lærarar.
Dette var kjempe spennande, og det at me berre blei kasta ut det, lærde eg veldig mykje av. Det å sjå på læraren var også svært lærerikt, for eksempel kva taktikkar ho brukte for å få elevane til å vera stille, og korleis ho framviste alt stoffet som barna skulle læra.

Eg ser nå i ettertid kor viktig observasjonen var, og kor stor hjelp den kan vera når me skal ut sjølv og undervisa i den klassen. Etter å ha hatt denne observasjonen kjenner me elevane betre, og veit litt meir om kva me skal gjera dersom noko skjer.

Etter observasjonsveka møtte me praksislæraren vår etter at ho hadde lese loggane våre. Ho merka seg det at det var mykje me hadde fått med oss i loggane som ho aldri hadde merka seg før.
Det var for eksempel eit tilfelle der me var utanfor skulen sitt område, og me såg tilfeller der nokre av elevane forandra oppførselen sin til det bedre i forhold til når dei var på skulen.
Då me fortalde læraren om dette, satte ho stor pris på å få høyre om det, for det var ikkje alltid ho fekk med seg slike situasjonar.
Dette var jo veldig spennande, for det viser at me får ei innsikt i klassen på ein annan måte med å observera i forhold til å berre stå oppe ved tavla og undervise. Dette kjem eg til å ta med meg vidare når eg seinare skal stå framme og undervisa. Og eg har lært det at observasjon er kjempe viktig for å forstå og sjå barna betre.



3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Elisabeth...
Eg berre konkluderar med at du har sett nytteverdien i observasjonsarbeidet. Så flott at de fekk med dykk ting som læraren ikkje ein gong hadde lagt merkje til. At de på denne måten blei godt kjende med elevane, var og kjekt å lesa. Eg gjorde merksam på at de i observasjonspraksis IKKJE berre skulle vera floger på veggen, men aktive observatørar, så det var eg glad for å lesa at de fekk vera.

Birgit :-)

Cecilie sin blogg sa...

Eg syns bloggen din var bra, du har fått med hovedtrekka og hva du fekk ut av praksis.Kansje du kunne tatt me nåken eksemplar ?? Var kansje bare eg som ble nyskjerrig på kas ting dere hadde merk dokke, men ikkje leraren.

Elisabeth sa...

Takk for kommentar.:) Eg har no kome med et eksempel!