Måndag 21. oktober var det framføring av læringsteoriane, som me jobba med to veker i førevegen. Eg var litt usikker på korleis dette skulle bli, sidan me kunne velja fritt mellom dei elleve ulike teoriane, der antakelig vis mange enda opp med same teori, og at dette kom til å bli kjedelig. Men der tok eg feil. Det var mange som hadde om same teori, men alt var så variert og tolka på forskjellig måtar, at det blei kjempe spennande. Eg lærde utruleg mykje i løpet av dei timane me hadde. Når me fekk fagstoffet inn med ”teskje” frå fleire vinklar, var det lettare å forstå korleis teoriane eigentleg var.
Men… Ein ting som ikkje var så kjekt, var at eg hadde gjort ein feil, så gruppa mi fekk ikkje vist framføringa. Me hadde laga ein film, der me redigerte den på min maskin, og eg skulle ta den med på måndag. Eg tok filmen over på usb-sticken min og var sikker på at alt var i orden, og klar for vår presentasjon. Men i friminuttet før det var vår tur, sjekka me for sikkerheits skyld at alt var slik det skulle. Men det var det ikkje. Eg hadde gløymt å lagra filen om til det rette formatet, og sidan pc-en min var heime, fekk me ikkje framføra. Eg må bare beklaga dette sterkt til gruppa mi, for dette var berre min feil og ingen andre sin.
Me fekk derfor utsett framføringa til neste måndag. Det var også ei anna gruppa som ikkje fekk til å visa filmen som også fekk utsett framføringa til neste måndag.
Uansett så var dette ein veldig effektiv og spennande måte både å jobba og presentera stoffet på. Eg lærte mykje meir i løpet av dei få timane med å sjå på presentasjonane enn kva eg hadde gjort dersom eg hadde grunnlest teoriane ein gong til.
Veldig bra jobba alle saman!
Det blir spennande for oss å visa vår presentasjon, for me har gjort det på ein heilt annan måte igjen. Me gler oss!=)
tirsdag 23. oktober 2007
søndag 21. oktober 2007
Å leia basisgruppa..
Måndag første oktober blei me møtt av Birgit i døra som tok i mot oss, og sa god morgon etter kvart som me kom. Då me kom inn i klasserommet stod telys plassert på alle pultane, og lyset var dempa. Dette var ein veldig fin start på ein måndags morgon.Me starta timen med at alle skulle presentera oppgåvene som var gjort, gruppe for gruppe. Her var det mykje kunnskap å suga til seg. Eg som sjølv hadde hatt om storyline, lærte også mykje frå dei andre som hadde hatt om same emne. Nokre av desse arbeidsmåtane var heilt nye for meg, og var veldig spennande å høyra om. Men når det er så mykje informasjon som skulle inn på ein gong, blir det litt lenge å sitja i to timar å høyra på. Så eg må nok gå igjennom det heftet om alle metodane for å friska det opp litt igjen. Men som sagt så var det svært lærerikt.
I dagens førelesning fekk meg også høyre at som lærar er det viktig å vera ”tydeleg vakse”. Læraren har ei viss makt, og makt krev ansvar. Med det meines at me som lærarar har autoritet men me skal ikkje utnytta situasjonen og vera autoritære. Som lærar er det også viktig å sjå medmennesket, forstå elevane individuelt, byggja gode vanar, og vera strukturert, og ikkje minst respektera barna. Dette trur eg gjer barna meir trygge.
Dagens samfunn er svært forandra frå korleis det var for nokre år sidan. Og dette viste Birgit oss med å sjå på ulike generasjonar. Me lever no i ein ”dataverden”, der datamaskinen blir mykje meir brukt no enn før. Med dette kjem også databruken inn i skulen, og det vil seie at undervisinga må også bli omlagt i forhold til korleis det var før, med at data er ein del av undervisinga. Dette er nok ein av dei største forandringane. Og samtidig blir dette også ein utfordring for enkelte lærarar der elevane kanskje kan meir om data enn kva læraren kan.
Oppvekstvilkåra er også blitt forandra. Forandringar skjer i barnas liv heile tida, og etter å ha sett på statistikk skjer skilsmisser meir no enn før. Dette kan vera svært vanskeleg for enkelte born, spesielt der det er store problem mellom foreldra.
Eg må berre få med eit lite sidesprang her. For eg snakka med ei veninne av meg, som også går på lærarskulen. Og ho fortalde meg om ein gut som ho hadde hatt i praksis. Han var ein veldig vanskeleg elev, og gjorde aldri som læraren sa. Han hadde fått beskjed heime frå at læraren var ”dum”, så han trengde ikkje å høyre på han. Nå veninna mi skulle ut i praksis, blei ho plassert i den klassen som han guten var i. Når veninna mi kom inn i klassen, visste han ikkje korleis han skulle forholda seg til henne. Ingen heime hadde sagt noko om det. Han prøvde å oppføra seg som han pleidde, men veninna mi sa klart i frå om kva som ikkje va akseptabelt. Etter første time hadde han respekt for veninna mi. Dette var den første personen han hadde respektert på denne skulen.
Eg blei så sjokkert når eg høyrde denne historia. Eg kan ikkje skjønne at foreldre kan seie slikt til eit barn.
Det blei også nemnt at med god arkitektur skapar det god læring. Dette har eg tru på at kan vera tilfellet. Med god arkitektur kjem også trivselen med, og dette trur eg skapar meir interesse for læring frå elevane.
På slutten økta fekk me sjå ein film om Robin som har vore eit mobbeoffer på s
kulen i fleire år. Dette var veldig sterkt å sjå. Det at 35-40 000 barn blir mobba i skulen er eit veldig høgt tal. Når eg tenkjer på mobbing, så tenkjer eg erting, og ikkje så mykje fysisk. Men det som var med Robin var at han trudde at han sko døy fleire gonger. Forsøk på kveling og meir øydela han heilt. Dette er heilt forferdeleg. At noko slikt kan skje på ein skule burde vert heilt uakseptabelt, og blitt ordna opp i med ein gong.Det var fint å sjå at han fekk eit forandra liv etter å ha bytta skule og at alt enda godt. Men den prosessen som gjekk, kan ikkje ha vore lett for verken foreldra eller Robin.
Mobbing kan føra til vanskar seinare i livet. Men eg er glad for å sjå at alt blei forandra for Robin, og eg håper at andre som er i same situasjon også får et betre liv etterpå.
torsdag 4. oktober 2007
Kva er storyline?
I pedagogikktimen 24.09 trakk me alle kvar vår oppgåve om ein arbeidsmetode som me skulle finna ut meir om. Eg trakk storyline.
Storyline er ein tverrfaglig undervisningsform, der undervisninga blir tilrettelagd som ei forteljing. Elevane og lærarane skaper denne forteljinga i klasserommet, med utgangspunkt i emne og mål frå læreplanen. Der det er læraren som vel tema, tid og sted for forteljinga, som gir ein rød tråd til forteljinga. Vidare styrer læraren forløpet med hendingar som set i gang dei ønskjande faglege aktivitetane.
Elevane skapar karakterane som gir liv til forteljinga. Dei handlar og reagerer på vegne av dei karakterane dei har skapa, som vidare oppøver til empati og evna til å sjå virkeligheten med andres auge. Eleven må vidare identifisera seg med dei personane som blir skapa, og førestilla seg sine reaksjonar på det
som skjer og leva seg inn i situasjonen. Her er det ikkje elevanes egne reaksjonar og følelsar som skal koma til uttrykk, men heile tida i 3.person.
Læraren stiller spørsmål etter kvart, som vidare aukar nysgjerrigheta til elevane. Elevane blir motivert til å diskutere og til å handtere ulike virkelighetsnære utfordringar, og slik blir innhaldet i forteljinga elevane sine.
Elevane lærar i ein opplevingsprega tilgang ved og oppdaga, utforska, reflektera, samtala og handla. Barna blir ikkje belært men utfordra.
Eit eksempel på bruk av storyline kan vere om flerkulturell forståelse, tverrfaglig temaorganisering, prosjektarbeid i ulike fag, mobbing, geografi eller reise som tema, der læraren lagar historia slik at det blir blanda inn fleire fag der elevane må utforska eller bruka fantasien for å fullføre storylinen.
Dette er ein kjempe spennande metode å jobba innan. Her får elevane testa ut deira kreative evner, om samtidig slå saman fleire fag. Dette er ein metode eg har veldig lyst å prøva ut ein gang.

Tankar etter første praksis veke..
Då me fekk ei innleiing i kva observasjon var, fekk me også prøve oss på å observera på skulen, der me skulle finna nokon å observera i ein halvtime. Det var nokre lange minuttar. Etter dette trudde eg at dagane på Skåredalen skole skulle bli lange dagar også. Men der tok eg heilt feil. Ungane var svært interessante, og det å observera dei var ikkje kjedelig i det heila tatt, noko nytt skjedde heile tida.
Før praksisen trudde eg at me skulle være som ei ”flue på veggen”, der me berre skulle sitja bakarst og observera barna. Noko eg ikkje forventa var at me fekk delta i alle timane, og når det var stasjons- og gruppearbeid var me også lærarar.
Dette var kjempe spennande, og det at me berre blei kasta ut det, lærde eg veldig mykje av. Det å sjå på læraren var også svært lærerikt, for eksempel kva taktikkar ho brukte for å få elevane til å vera stille, og korleis ho framviste alt stoffet som barna skulle læra.
Eg ser nå i ettertid kor viktig observasjonen var, og kor stor hjelp den kan vera når me skal ut sjølv og undervisa i den klassen. Etter å ha hatt denne observasjonen kjenner me elevane betre, og veit litt meir om kva me skal gjera dersom noko skjer.
Etter observasjonsveka møtte me praksislæraren vår etter at ho hadde lese loggane våre. Ho merka seg det at det var mykje me hadde fått med oss i loggane som ho aldri hadde merka seg før.
Det var for eksempel eit tilfelle der me var utanfor skulen sitt område, og me såg tilfeller der nokre av elevane forandra oppførselen sin til det bedre i forhold til når dei var på skulen.
Då me fortalde læraren om dette, satte ho stor pris på å få høyre om det, for det var ikkje alltid ho fekk med seg slike situasjonar.
Dette var jo veldig spennande, for det viser at me får ei innsikt i klassen på ein annan måte med å observera i forhold til å berre stå oppe ved tavla og undervise. Dette kjem eg til å ta med meg vidare når eg seinare skal stå framme og undervisa. Og eg har lært det at observasjon er kjempe viktig for å forstå og sjå barna betre.

søndag 23. september 2007
Observasjon..
I førre pedagogikk time hadde vi om observasjon. Dette handlar om å iaktta, følgje med og å sjå. Det er ein veremåte. Dette er ikkje like lett som ein skulle tru.Me blei satt på prøve der me skulle finna nokon å observera. Dette var mykje vanskeligare enn kva eg hadde trudd. Her var det veldig lett og tolka i staden for å observera. Som å for eksempel skriva at nokon var glade når dei smilte.
Som lærer er det veldig viktig å kunne observere og ikkje mistolka det som blir gjort rundt ein. Me har veldig lett for å mistolka ting som blir gjort eller sagt, og laga våre eigne tankar rundt.
Å observera går ut på at ein kan skildra det ein ser og ikkje det ein trur føregår eller kan tenkja seg.
Observasjonar kan utformast på ulike metodar som i ei loggbok, dagbok, analyse, intervju, praksisforteljing og meir.
Når me skal ha praksis skal me observera korleis barn er. Dette kan bli spanande, for me får her studert barn nøye, som me aldri har gjort før, og då legg me nok merke til forskjellige ting som me ikkje har gjort før. Korleis dei snakkar, kva dei har på seg og korleis dei leikar.
Det er viktig å forstå barnas situasjon når ein skal vera rundt dei heile tida, og med den rett observasjonen kan me læra mykje her.
Redigert 23.april-08
Observasjonen i praksis var veldig spennende. Vi fikk her se hvordan barna oppførte seg i de ulike situasjonen sett fra et perspektiv utenfra. Da praksislæreren vår fikk se det vi hadde observert etterpå, ble hun overasket over alt vi hadde fått med oss som hun ikke hadde lagt merke til. Observasjon er veldig viktig i læreryrket for å ikke mistolke og lage dine egne meniger og syn på hvordan ting egentlig er.
mandag 10. september 2007
Læraren sitt mandat og mange oppgåver
Forelesinga på onsdag 5. september handla mykje om det at ein lærar ikkje berre underviser, men har også mange andre oppgåver ved sida av, som automatisk inngår i det å vera lærar. Det er viktig her å finne balansen mellom dei ulike partane. Det å vera ein god støtteperson for elevane synes eg er veldig viktig. Det gir elevane ein tryggleik om at dei kan koma til deg når dei treng støtte eller lurar på noko. Foreldra til eleven har hovudansvaret for oppdraginga av eleven, er også veldig viktig å huske på. Ein lærar har eit stort ansvar at eleven er med i undervisinga, og også seie i frå dersom noko ikkje er som det skal. Læraren er tross alt den vaksne personen som eleven tilbring mest tid med i løpet av ein dag. Men læraren skal ikkje ta over oppdraginga, men gi råd undervegs.
Inge Eidsvåg som me fekk høyra litt om, hadde nokre gode poeng om det å vera lærar. Som for eksempel dei ti boda. Desse trur eg kan vera nyttig og ha i bakhovudet når me skal vidare ut i skulen å begynna me praksisen.
Inge Eidsvågs 10 bud:
* Du skal kunna og vera glad i faga dine
* Du skal vera glad i forteljingar
* Du skal vera nærverande
* Du skal sjå elevane
* Du skal vera glad i elevane dine
* Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
* Du skal ofte ha med deg noko nytt
* Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
* Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunnspolitiske rolla
* Du skal våga å vera lærar
Alle elevane har opplæringsplikt men ikkje skuleplikt. Det vil seie at elevane kan få undervisning på privat-, offentlig skole eller heime. Eg meiner at det beste for barnet må vera å vera i skolen der mange andre elevar er, og få erfaringar og utfordringar på skulebenken og i dagliglivet. Dette dannar også vidare kontaktar og venner for barna som er et grunnlag vidare i livet.
Pedagogikken ser eg at er meir og meir viktig å kunne meistra som lærar. Eg har sjølv hatt lærarar som det ser ut til at aldri har deltatt i ein einaste pedagogikk time, og det vises godt igjen på undervisinga til sjølve læraren, kunnskapen elevane får og kontakten mellom læraren og elevane.
Redigert 23.april-08
Den største utfordringen min som lærar trur eg vil vera samspelet med alt ein lærar skal gjera. Ein lærar skal formidla kunnskap, vera eit godt førebilde, stilla opp for elevane dersom det er noko, ordne opp i konfliktar osv. Det er utruleg mykje ein må tenka på som lærar, som ikkje går under å undervisa.
Når eg seier til folk at eg studerer på lærarskulen, seier alle til meg at det høyres flott ut. Arbeidsdag frå halv ni til to, fri kvar helg og masse feriar. Dei veit ikkje alt som eigentleg ligg bak det å vera lærar.
Klasseledelse er sjølvsagt ein utfordring, men alt som kjem av "det lille ekstra" vil nok vera den største utfordringen i første rekke.

torsdag 30. august 2007
Ein lærar eg aldri kjem til å gløyme..
Klar for 3. klasse trappa me alle opp på skulen, spente på korleis det nye skuleåret skulle bli. Då me kom inn i klasserommet fekk me vita at me skulle få ein ny lærar. Me var alle veldig nysgjerrige på kven dette kunne vera, for i ei så lita bygd kjende alle kvarandre. Men dette var ein heilt ny mann som ingen hadde sett før, han hadde akkurat flytta hit. Helge heitte han. Inn i klasserommet kom ein høg, mørk mann med gitaren i handa og eit bredt smil rundt munnen, og det første han gjorde var å slå av med ein vits. Han likte me alle frå første stund.
Helge skulle undervise oss i musikk, geografi, naturfag og gymnastikk. Alle gleda seg til kvar einaste time han skulle ha oss.
Det som gjorde Helge til den læraren eg aldri kjem til å gløyma var det at han behandla alle på same måte, var kompis samtidig som han var eit godt forbilde for oss alle. Det var ikkje ein einaste person på skulen, verken av lærarane eller elevane som ikkje likte han, derfor var det veldig trist då han måtte forlata oss allereie etter to år, på grunn av at han hadde fått seg ein ny jobb.
Undervisinga hans var variert frå time til time, samtidig som han blanda inn lek og humor, dette gjorde undervisinga mykje meir spennande, og alle såg fram til kvar time med han.
Eg hugsar spesielt godt ein gang me skulle på hyttetur med klassen. Der var det eit stort uteområde med minigolf, volleyballbane, fotballbane og alt me kunne ynskja oss. Men så byrja det å regne, og me søkte tilflukt til den næraste hytta me såg. Inne i den hytta var det bordtennis, biljard og mykje anna kjekt, men hytta var låst. Men Helge ville inn. Han klarte å opna eit vindauge, så me alle kunne klatre inn.
Det me ikkje såg før me skulle gå ut igjen, var at me hadde tråkka i ein kvit benk for å koma oss inn vindauge, og den var ikkje akkurat kvit då me sko forlata lokalet seinare etter litt leik og moro. Me fekk alle litt kjeft etterpå, men det var verdt det, for me hadde hatt ein veldig kjekk dag.
Dette er ein lærar eg aldri kjem til å gløyme, og han kjem til å vera i tankane mine dersom eg ein gang kjem til å ende i ein vanskelig posisjon. Han gjorde alltid det beste han kunne for elevane sine.
Han er ein positiv og alltid smilande person som har vore eit godt forbilde både som lærar og som person.

Abonner på:
Innlegg (Atom)